Å ta i bruk kunnskapens tre – Frå organisatorisk til dyrkingsteknisk innovasjon i fruktnæringa i Hardanger og Sør-Tyrol

| Type artikkel: Masteravhandling
Denne oppgåva handlar om korleis innovasjonar skjer i fruktnæringa i Hardanger og Sør-Tyrol (Italia). Denne problemstillinga vert gripe an gjennom fire underspørsmål: Korleis vart fruktnæringa den dominerande jordbruksnæringa i desse områda? Korleis har forholdet mellom produksjonssystem, salssystem og kunnskapsinfrastruktur utvikla seg over tid? Korleis står denne utviklinga i forhold til utviklinga i næringa som heilskap? Korleis vert kunnskap utanfrå henta inn og gjort nyttig lokalt?

Forfatter:

Nora Geirsdotter Bækkelund

År:

2017

Institusjon:

Universitetet i Oslo

For å svara på desse spørsmåla ser eg empirien frå Hardanger og Sør-Tyrol i lys av litteraturen om kunnskap og innovasjon i geografisk konsentrerte næringar. Teoriane om industrielle og rurale distrikt gir eit overordna perspektiv på geografisk konsentrerte næringar prega av mange små bedrifter. Konsepta regionale innovasjonssystem (RIS) og absorberingsevne vert nytta saman for å forstå kunnskapsprosessar. Eg deler innovasjonssystema inn i kunnskapsinfrastruktur, produksjonssystem og salssystem, og undersøker forholdet mellom delane. Adaptiv syklus-modellen og konseptet stiavhenge vert nytta for å trekka fram samanhengar mellom hendingar og dynamikkar på ulike tidspunkt. Innovasjon i fruktnæringa i Hardanger og Sør-Tyrol har hovudsakleg skjedd ved at ny kunnskap og nye løysingar har vorte henta inn utanfrå og gjort nyttig lokalt. Organisasjonane i kunnskapsinfrastrukturen i dei to innovasjonssystema tek seg i stor grad av kunnskapsinnhentinga, medan assimilering og transformasjon av kunnskap for lokal bruk òg skjer i produksjonssystemet. Desse godt utbygde innovasjonssystema vaks fram saman med fruktnæringa. Fruktnæringa vart dominerande i dei to regionane gjennom dei same spesialiseringsprosessane som har funne stad i vestleg jordbruk generelt. Relativt gode forhold for fruktdyrking, tidlege pengeinntekter frå fruktproduksjon og tidleg utvikling av samvirke og spesialiserte kunnskapsorganisasjonar, kan ha bidrege til spesialisering i frukt heller enn andre produksjonar. I takt med ein aukande fruktproduksjon vaks innovasjonssystema fram, og arbeidsdelinga mellom salssystem og kunnskapsinfrastruktur vart stadig tydelegare. Dette har bidrege til eit fokus på dyrkingsteknisk innovasjon både i kunnskapsinfrastrukturen og produksjonssystemet, og dermed til stadig intensivering av produksjonen. Intensiveringa som har funne stad både i Hardanger og Sør-Tyrol kan såleis forståast som eit resultat av koevolusjon mellom salssamvirka og kunnskapsorganisasjonane.

 

Se oppgaven under «relevante dokumenter».

Top