Auka volum og forbrukaroppleving av norske pærer

| Type artikkel: Forskningsprosjekt
Prosjektet si hovudmålsetjing er å auka marknadsdelen av norske pærer gjennom å utnytta det potensialet som ligg i nye sortar og forbetra kvalitet i omsetnaden. Norske pærer er nær borte frå marknaden, men førebels kartleggingar og svært positive tilbakemeldingar frå internasjonale prøveplantingar, gjer at ein har store voner til dei nye pæresortane som vert satsa på, særleg Celina.

Prosjektleder :

Ivar Slinde

Institusjon :

SOGNEFRUKT SA

Tidsperiode :

2015 - 2018

Prosjektet sitt hovudfokus er todelt. Det eine går på å få fram ein produktkvalitet som gjer at forbrukaren kan få ein mest mogeleg lik kvalitet kvar gong dei kjøper pærer ved å sikra at kvaliteten som går ut frå pakkeriet er mest mogeleg einsarta. Den andre delen går på å få opp ein produksjon som har stort nok volum og er økonomisk berekraftig for produsentane

FoU-oppgåvene er fokuserte på å etablera ein protokoll for årvisse avlingar av høg kvalitet, og korleis ein kan ta vare på denne kvaliteten heilt til pærene går ut frå pakkeriet. Pollinering og fruktsetjing, testing av nye plantesystem i feltforsøk og definering av haustevindauge er sentrale oppgåver. Formidling av resultat og røynsler mellom dyrkarar og mellom pakkeri, saman med internasjonal erfaringsutveksling, vil vera med på å sikra at produksjonen blir lønsam og at forbrukarane får tilbod om gode, norske pærer.

Pakkeria vil ha særleg fokus på produktspesifikasjonar og samkøyring av pakningar og merking saman med marknadsaktøren, som i prosjektperioden i hovudsak vil vera Bama. Data frå plantingar vil vera med og identifisera gode og mindre gode område for pæreproduksjon m.o.t. avling og kvalitet, og vil bidra til å velja rette område med tanke på vidare ekspansjon.

Top