Blømingstider, pollenspiring og fruktsetjing hjå plommesortar – resultat frå plommeforedlinga ved Graminor Njøs.

| Type artikkel: Rapport
Graminor Njøs har dei siste 20 åra gjennomført eit kryssingprogram i plommer (Prunus domestica L.) Føremålet har vore og er å skaffa norske fruktdyrkarar sortar som gjev stor avling med kvalitetsfrukt og som er tilpassa det norske klimaet. I denne rapporten er teke med kryssingsresultat frå sortar som er eller har vore i dyrking i Noreg dei siste åra. Rapporten presenterer også førebels data på blomstringstid og pollenspiring. Detaljert informasjon om sortane som er omtala i rapporten er presenterte på web-sida www.fruktsorter.no.

Forfattere:

Hjeltnes, Stein Harald og Meland, Mekjell

Dei viktigaste sortane i norsk plommedyrking er Opal og Reeves, som begge har hatt om lag 20 prosent av tonnasjen i gjennomsnitt av dei siste fem åra. I same perioden har Mallard og Jubileum hatt om lag 15 prosent av tonnasjen. Dei fire sortane Avalon, Ecalibur, Victoria og Valor hadde kvar om lag fem prosent av tonnasjen. Victoria har vore i sterk tilbakegang gjennom fleire år, medan Valor aukar.
Sorten Edda har om lag 2 prosent av tonnasjen, og resterande tonnasje er andre sortar som ikkje er spesifiserte i den årlege oversikta son Fruktlagerinspektøren sender ut frå GPS. I plommedyrking er det viktig å planta saman sortar som kan gje årviss og god setjing, samstundes som det gir god fordeling av haustearbeidet i sesongen. Nokon sortar, som t.d. Victoria, er fullt sjølvfertile, og ber som regel for mykje. Derimot er dei fleste andre av hovudsortane, som Edda, Mallard, Avalon, Excalibur, Valor og Reeves, alle sjølvsterile, og treng pollensort. (Ljones, 1980; Jones, 1989; Khanizadeh & Cousineau, 2001; Hjeltnes & Nornes, 2007; Måge, 1983). Hjå oss reknar me Opal til å ha høg nok grad av sjølvfertilitet så ein ikkje treng ha eigen pollensort, medan Jubileum er rekna som delvis sjølvfertil, og den vil i dei fleste tilfelle også gi god setjing utan pollensort. Utfordringa blir å setja saman plantingar med dei sjølvsterile sortane som sikrar god avling i alle år.

 

Lenke: https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/2491166

Top