Bringebærdyrking i økologisk landbruk

| Type artikkel: Forskningsprosjekt
Bringebærdyrking har hatt kraftig framgang i Noreg siste åra og er nest etter jordbær den viktigaste bær- veksten. Den økologiske produksjonen utgjer som for bærartene elles enno ein svært liten del. Men mange forbrukarar ønskjer å kjøpa usprøyta bringebær og det bør difor vera rom for ein vesentleg større pro- duksjon her i landet. Prisen forbrukaren vil betala for økologiske bær er sjølvsagt avgjerande for lønsemda til produsenten. Økologisk dyrking av bringebær er krevjande og ein må normalt rekna med litt større variasjon og gjerne litt lågare avlingar enn for konven- sjonell dyrking.

Forfattere:

Arnfinn Nes, Torbjørn Takle og Grete Lene Serikstad

Utgiver:

Bioforsk, nå NIBIO

År:

2012

I dette heftet er det lagt vekt på å gje innføring i økologisk produksjon, men det aller meste er likt med annan bringebærproduksjon. Det er kort gjort greie for det viktigaste som gjeld vekst og utvikling og val av dyrkingsteknikkar. Tiltak mot skadegjerarar og regel- verk for økologisk bærdyrking er også med.

Dette heftet er ein svært kortfatta presentasjon av bringebærdyrkinga, og interesserte kan finna utfyll- ande kunnskap i lærebøker og tidsskrifter om bringebær som det er synt til.

Top