DRAINIMP

| Type artikkel:
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/kode7351/public_html/htmatslande.kore/wp-content/themes/Kore/templates/entry-meta.php on line 4

Prosjektleder:

Samson Øpstad

Institusjon:

NIBIO

Prosjektperiode:

2013-2017

Finansiering:

Norges forskingsråd, Jord- og myrfondet, Fylkesmenn, fylkeskommunar og næringsliv/landbruksorganisasjonar på Vestlandet

Samarbeid:

NIBIO: Divisjon Miljø- og naturressursar -avdeling vassressursar og hydrologi, divisjon Kart og statistikk –avdeling økonomisk statistikk og analyse. NORSØK - Norsk senter for økologisk landbruk NMBU - Norges miljø- og biovitskaplege universitet, IMV-jord Landbruk Nordvest Sveriges landbruksuniversitet North Carolina State University

Drenering som investering i jordkapital har hatt låg prioritet i fleire tiår, og det er i dag ein oppsamla trong for drenering. Grasavlingane har stagnert, og dårleg drenering og jordfysisk tilstand, uheldig jordpakking, auka areal i kvar brukseining og auka vekt av traktor og utstyr kombinert med auka normalårsnedbør, er moglege årsaker. Drenering, jordpakking og gjødsling er peika ut som viktige forsøksområde for å redusere N2O emisjonen frå landbruket. Grøfteforsøka som ein byggjer tilrådingane på i Norge er til dels svært gamle, og tilpassa eit driftsregime vesentleg annleis enn i dag. I landbruket vert fokus retta mot god agronomi.

Prosjektet har som mål å auke innsatsen rundt drenering i norsk forskning, utdanning og rådgjeving. Prosjektet er praktisk retta mot landbruket gjennom testing av to ulike dreneringsmetodar; grøfting med røyr på mineraljord og omgraving på torvjord. Det er etablert grøftefeltet på mineraljord i Askvoll med tre grøfteintensitetar, to driftsintensitetar og to gjødslingsnivå og det er etablert feltforsøk på omgravd og grøfta myr på Fræna. Ein vil teste effekten av dreneringsintensitet og drift på produktivitet og N-avrenning, jordpakking og jordfysikk, klimagassemisjon (N2O, CH4) i hovudsak i vekstsesongen. Ut frå data vil prosjektet definere dreneringskriteria. Økonomien i grøfting på enkeltgardsnivå vil utarbeidast.

Top