Fokus på FoU, formidling og strategi for å auke produksjonen av økologisk frukt og bær

| Type artikkel: Rapport
Føregangsfylket for økologisk frukt og bær (FFFB) gav NIBIO ved Gunnhild Jaastad i oppdrag å vidareføre og ferdigstille arbeid som Jaastad hadde hatt ansvar for i perioden som tilsett i FFFB.

Organisasjon:

NIBIO

Forfattere:

Jaastad, Gunnhild

År:

2016

Oppdraget var å 1) initiere FoU prosjekt knytt til utfordringar i økologisk frukt- og bærdyrking, 2) arbeide for betra plantevern i økologisk frukt- og bærdyrking, 3) informasjon og formidling om økologisk frukt og bær i media og fagforum og 4) strategisk arbeid i FFFB for å nå nasjonale mål. Det er i perioden etablert forumet ForskSmart som skal vere eit forum for å initiere og støtte prosjekt knytt til fruktproduksjon. Jaastad var ein av dei som var med i etableringa av forumet. Økologiske problemstillingar vert viktige arbeidsområde. Jaastad har i oppdragsperioden vore med i utforming og kome med innspel til fleire FoU prosjekt med tema som er viktige for økologisk produksjon. Det vert avklara om desse får finansiering i innan februar 2017. I oppdragsperioden er det arbeidd med innhenting av informasjon om ulike aktuelle plantevernmiddel for økologisk produksjon. Det er arrangert møte med aktuelle aktørar i godkjenningsprosessen, og i ettertid er det etablert i gruppe som skal arbeide med oppfylging. Jaastad har publisert nettartiklar, skrive pressemeldingar, lagt ut nyhende på FFFB si Facebookside og halde føredrag om økologisk frukt. Det er såleis formidla informasjon om økologisk frukt og bær i oppdragsperioden. 2017 er siste år for FFFB og det å leggje ein god strategi for å oppnå dei målsetjingar som er sett har vore viktig. Jaastad har bistått prosjektleiar Frøydis Lindén i dette arbeidet.
Top