Jordbruk og miljø – Tilstand og utvikling 2014

| Type artikkel: Rapport
Rapporten <em>Jordbruk og miljø – Tilstand og utvikling 2014</em> presenterer statistikk som skal kaste lys over status og utvikling i dei ulike miljøpolitiske resultatområda for jordbruket.

Forfattere:

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget

Utgiver:

Statistisk sentralbyrå

Årstall:

2015

Innhold

Miljørisikoen ved bruk av kjemiske plantevernmiddel gjekk ned 7 prosentpoeng mellom 2008 og 2011. Samstundes auka helserisikoen med 3 prosentpoeng. Når det gjeld vassførekomstane i Noreg, er 62 prosent i god stand, medan 38 prosent er i moderat eller dårlegare tilstand.

Rapporten Jordbruk og miljø – Tilstand og utvikling 2014 presenterer statistikk som skal kaste lys over status og utvikling i dei ulike miljøpolitiske resultatområda for jordbruket.

Denne rapporten har blitt utgitt årleg sidan 1993 og byggjer på ei rekkje datakjelder i og utanfor Statistisk sentralbyrå. Det geografiske dekningsområdet er heile landet.

 

Jordbruksareal og jordbruksbedrifter

Frå 1999 til 2013 er jordbruksarealet i drift redusert med 5 prosent til 9,83 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,08 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 28 prosent til 1,55 millionar dekar. Frå 1999 til 2013 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 38 prosent. Totalt var det 43 500 aktive jordbruksbedrifter i 2013.

Frå 2002 til 2013 er omdisponert areal av dyrka jord blitt meir enn halvert, frå 14 200 til 5 600 dekar.

 

Økologisk jordbruk og gjødsel

Det økologisk godkjente jordbruksarealet i drift omfatta 477 000 dekar i 2013 og utgjorde 4,9 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske jorbruksbedrifter var 2 400 og utgjorde 5 prosent av alle jordbruksbedrifter.

Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2012/2013 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet. Omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same nivå som på slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

 

Plantevern og utslepp frå jordbruket

Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at miljørisikoen ved bruk av kjemiske plantevernmiddel gjekk ned med 7 prosentpoeng frå 2008 til 2011. Helserisikoen auka med 3 prosentpoeng.

Av dei definerte vassførekomstane i Noreg, er 62 prosent i god eller særs god tilstand, medan 38 prosent har moderat eller dårlegare tilstand.

I 2013 stod jordbruket for 73 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Rapporten er delfinansiert av Landbruksdirektoratet.

Top