Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon

| Type artikkel: Forskningsprosjekt
Eit forskingsprosjekt som skal legge grunnlag for å auke utbytte og senke kostnadene per eining grovfôr på norske husdyrbruk.
Start- og sluttdato 01.02.2017 – 31.01.2020
Prosjektleder Anne Kjersti Bakken
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Landbruksteknologi og systemanalyse
Samarbeidspartnere Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Nord Universitet og Norsk Landbruksrådgivning (NLR), Teagasc frå Irland, Maynooth University (MU), frå Irland.
Totalt budsjett 16,2 mill. NOK
Finansieringskilde Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri, Addcon Nordic AS, Agromiljø AS, Animalia, Fiskå Mølle, FK Agri, FK Rogaland Agder, Felleskjøpet fôrutvikling, Norske FK, Nortura, Rogaland Fylkeskommune, Strand Unikorn, TINE Rådgiving og medlem og Yara Norge.

Bakgrunn

 

Truverdet og lønsemda til dei norske drøvtyggarproduksjonane er utfordra av høge og stadig stigande grovfôrkostnader. Prisen per fôreining grovfôr er på mange bruk høgare enn for innkjøpt kraftfôr, og investeringar i maskiner, teknisk utstyr og infrastruktur utgjer ein stor del av kostandene.

For å snu denne trenden, trengst kunnskap om korleis ein kan auke utbyttet og redusere kostnader. Ein treng også kunnskap om kva tiltak ein skal prioritere med dette som mål.

Oppdeling i forskingstema

  1. Økonomiske konsekvensar av driftsval i dyrking, hausting og konservering av grovfôr– Metodar og modellar for å vege utbyttet frå ulike grovfôrproduksjonsliner og –strategiar opp mot kostander og respons på fôret
  2. Kostnadseffektive fornyingsmåtar– Verktøy for vurdering av grassvoren: tilrå behandling og såtid for at direktesådd gras og kløver skal kunne etablere seg.- Beiting for å fasilitere etablering av direktesådd gras og kløver i etablert eng.
  3. Betre haustestrategiar og vekstskifte, og nye prinsipp for komponering av frøblandingar- Strategiar for meir målretta samensetjing og bruk av frøblandingar med tanke på avling, varigheit og fôrkvalitet.
    Strategiar for å auke fleksibilitet i haustetidspunkt med tanke på fôrkvalitet.- Strategiar for å auke beitetilbod vår og haust på sau- og ammekubruk.
  4. Fôrkonservering– Utvikle metodar for konservering av surfôr i plansilo som betrar gjæringskvalitet og aerob stabilitet, aukar fôropptaket og reduserer svinn.- Bruk av ensileringsmiddel – Komprimering
  1. Kommunikasjon og formidling– Rekruttering av studentar. Prosjektet tilbyr master- og bacheloroppgåver på dei ulike forskingstema.- Kontakt med næringa. I lag med næringsaktørane i prosjektet vil ein prøve å auke gardbrukarane sin entusiasme for og kunnskap og grovfôrproduksjon.
Top