Metoder for å teste bærfasthet i jordbær

| Type artikkel:
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/kode7351/public_html/htmatslande.kore/wp-content/themes/Kore/templates/entry-meta.php on line 4
Teknisk utstyr og metodar for måling bærfastheit i jordbær har vore granska både gjennom litteraturstudium og gjennom omfattande forsøk. Tre instrument som måler fastheit på enkeltbær har gitt pålitelege resultat, Bareiss, Instron og Texture Analyser.

Forfattere:

Døving, A.

Publiseringssted:

Acta Agric. Scand., Sect. B, Soil and Plant Sci.

Årstall:

2002

Bakgrunn

Teknisk utstyr og metodar for måling bærfastheit i jordbær har vore granska både gjennom litteraturstudium og gjennom omfattande forsøk. Det er også gjennomført forsøk med sammenlikning av bærfastheit og andre kvalitetseigenskapar i bæret. Nokon standardisert metode er ikkje kjend. Dei mange metodane som har vore brukte i forsøk har ulik verkemåte og har ofte gitt ulike resultat.

 

Fremgangsmåte

I forsøka ved NLH vart det i mange høve funne låge korrelasjonar mellom ulike metodar. «Eisenhuths metode» er ein billeg metode, den er enkel å utføre, påliteleg og rask, og har såleis mange fordelar framfor dei dyrare og meir kompliserte instrumenta. «Eisenhuths metode» går ut på fylle bær i ein sylinder, sette eit lodd på toppen av bæra, og så måle kompresjonen.

 

Funn

Tre instrument som måler fastheit på enkeltbær har gitt pålitelege resultat, Bareiss, Instron og Texture Analyser. Bareiss er billegare, enklare og raskare å bruke enn dei to andre. Storleiken på kvar bærprøve er her foreslått til 300-500 g for «Eisenhuths metode» og 25-50 bær for metodar som måler på enkeltbær. Det vart funne store variasjonar i fastheit og refraktometerverdi mellom enkeltbær, særleg i `Korona». Variasjonen i farge var mindre.

 

Konklusjon

Det var stor skilnad i fastleik mellom sortar, men rangeringa var avhengig av metode for fastheitsmåling. Korrelasjonane mellom bærfastheit, refraktometerverdi og farge var låge, og ikkje alltid signifikante. Fastleik etter lagring ved ulike temperaturar var avhengig av målemetode. Fastleiken er også avhengig av kjernetemperaturen i bæret ved måling, bæra var blautare ved 20 «C enn ved lågare temperaturar.

Top