Plommer i tunnel (klimaplommer)

| Type artikkel: Utviklingsprosjekt
Formål: Å undersøke effekten av dekking av plasttunnelar over etablerte plommefelt.

Finansiering:

Grofondet

Prosjektleder:

Jan Meland, Midt-Telemark Landbrukskontor

Det er utplanta meir enn 250 daa plommer dei siste 10 åra i Midt-Telemark utan at avlingane har stige som forventa. Ei viktig årsak til sviktande avlingar, er klimaendringar og utfordringar knytt til dette.

I Midt-Telemark som har eit typisk innlandsklima, har frost rundt blomstring blitt eit nærmast årvisst fenomen. Over fleire år har dette gitt redusert fruktsetjing og kvalitetsproblem i form av korkdanning og oppsprekking av skalet på plommene. Fuktigare vekstsesongar har på si side ført til større problem med ròtesoppar og redusert kvalitet pga. oppsprekking av fruktene under modningsprosessen på trea.

Formål: Å undersøke effekten av dekking av plasttunnelar over etablerte plommefelt.

Utføring: Planen er å etablere 3 stk. plasttunnelar à 50 m over 10 år gamle felt med plommesortane Avalon, Jubileum og Reeves og samanlikne resultata frå udekka felt. Dekking av etablerte felt vil gje raske resultat og kan i løpet av 3 avlingsår, gje svar på om tunnelproduksjon av plommer er rekningssvarande.

Snittsavlingane av plommer ligg rett over 250 kg/daa. Det bør vere realistisk å oppnå avlingar på 1500 kg/daa i moderne tettplantingar av plommer.

Tunnelproduksjon av søtkirsebær har vist praktiske, gode resultat. Blant leverandørar til Telefrukt som har gått frå 3-streng dekkesystem med plast til tunnelproduksjon av søtkirsebær, har avlingane auka frå 593 kg/daa til over 1.100 kg/daa på samme tid som den ytre fruktkvaliteten i form av fruktstorleik, modningsgrad, sprekking og ròteforekomst, har endra seg til det positive.

Tala indikerer at tunnelproduksjon kan gje større og meir årsikre avlingar også av plommer. Med andre ord, gjere plommeproduksjonen meir robust, forutsigbar og økonomisk interessant for både produsentar, marknadsaktørar og forbrukarar. Tunnelproduksjon vil også kunne framskunde modninga av plommer, og på det viset kunne forlenge norsk plommesesong. Vidare vil plattunnelane hindre regn både på trea og på bakken. Dette vil lette innhaustingsarbeidet og gjere at haustinga kan skje til eit meir optimalt modningstidspunkt utan at plommeskalet sprekk eller løyser seg opp og vil implisitt gje betre lagringsevne på plommene.

Verdiskapings- og forbrukspotensial: Målet med prosjektet “Klimaplommer” er å vise at det er mogleg å auke avlingane av kvalitetsplommer med 50 prosent innan 2020 ved å ta i bruk plasttunnelar i plommeproduksjonen. Kombinasjonen av tunnelar, optimalt stell gjennom vekstsesongen, hausting til rett tid i fleire omgangar, umiddelbar nedkjøling etter hausting til 4-6° C og rask distribusjon, er viktig for produktkvaliteten og vil vere viktige grep for å auke verdiskapinga i norsk plommeproduksjon. Norske kvalitetsplommer har stor konkurransekraft og tiltak som kan betre økonomien, vil legge vilkåra til rette for rekruttering og bidra til utvikling av ein langsiktig og berekraftig produksjon med stor grad av matvaretryggheit.

Vise at ein ved å ta i bruk tunnelar i plommeproduksjonen, kan sikre meir årvisse avlingar av kvalitetsfrukt og auke omsetningsverdien av plommer med 60 prosent innan 2020. Heving av avlinga med 50 prosent og fokus på kvalitetsplommer, vil gje forbrukarane større tilgang på smakfulle, norskproduserte plommer og med det bidra til større forbruk. Scenario: 500 daa med tunnelproduksjon av plommer på landsplan vil auke omsetningsverdien i plommeproduksjonen med 3,9 mill. kr pr. år.

Prosjektleder: Jan Meland, Midt-Telemark Landbrukskontor

Top