Plommer under tunneldekke, eit verkemiddel for tidlegare modning og betre fruktkvalitet 2014-2017

| Type artikkel: Forskningsprosjekt
I dette prosjektet skal ny teknologi prøvast ut som der er få internasjonale referansar på. Hovudmålet er å utvikla eit dyrkingskonsept for plommetre under tunneldekke som gjev tidlegare modning med høg fruktkvalitet, større og meir årviss avling og betre økonomi for dyrkaren.

Prosjektleder:

Jop Westplatte

Forskningsinstitusjon:

Norsk fruktrådgivning Hardanger, Norsk Landbruksrådgivning

Finansiering:

4,6 millioner Norges Forskningsråd

Bakgrunn

Plommedyrkinga i Noreg finn ein i dei klimatiske beste områda særleg i Hardanger, Sogn og Nordfjord, men også ein del i Telemark, Buskerud og Vestfold. Det er stigande etterspurnad av norskdyrka plommer i marknaden. Arealet har auka med 35 % dei 10 siste åra og det er no eit potensiale til ei avling på 1500 tonn i eit normalår. Likevel ligg den samla årlege avlinga på knapt 1000 tonn. Avlingane vert reduserte m.a.på grunn av klimatiske grunnar frå år til år. Den norske plommesesongen strekkjer seg over om lag 8 veker veker frå første halvdel i august til byrjinga av oktober. Resten av året er det import av plommer frå andre land.

Det FFL/JA finansierte prosjektet «Tunneldekke over søtkirsebær eit verkemidel for forseinka modning og økologisk produksjon, 2007-2011» viste at det var råd å ta ut store avlingar av søtkirsebær særleg på grunn av at fruktene vart større under tunneldekke. I tillegg vart fruktene beskytta mot regn. Dette gjev ein meir kontrollert produksjon som er mindre utsett for klimaskader. Dyrking av plommer i tunnel er ei nyskaping.. Det er viktig å kunna dokumentera både dei biologiske, agronomiske og den økonomiske sida ved tunneldyrking av plomme.

 

Mål

I dette prosjektet skal ny teknologi prøvast ut som der er få internasjonale referansar på. Hovudmålet er å utvikla eit dyrkingskonsept for plommetre under tunneldekke som gjev tidlegare modning med høg fruktkvalitet, større og meir årviss avling og betre økonomi for dyrkaren.

 

Fremgangsmåte

Det skal takast utgangspunkt i FoU røynslene frå søtkirsebær som også er steinfrukt. Prosjektet vil resultera i ny kunnskap om fenologi, vekst og utvikling hjå ulike plommesortar. Føresetnaden for at ny teknologi vert teken i bruk er at det er lønnsamt for dyrkaren. Prosjektet skal vurdere om dei auka investeringskostnadene gjev vesentleg høgare inntening i omløpet for plommekulturen.

Top