Rett vatning og gjødsling hjå søtkirsebær dyrka under tunneldekke 2013-2015

| Type artikkel:
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/kode7351/public_html/htmatslande.kore/wp-content/themes/Kore/templates/entry-meta.php on line 4
Ny teknologi gjev høve til kontinuerleg tilførsel og justering av vasstilførsel, gjødselmengde og samansetning gjennom sesongen ved hjelp av dropevatningssystem i trerekkja.

Prosjektleder:

Jan Ove Nes

Forskningsinstitusjon:

Norsk fruktrådgivning, Hardanger

Finansiering:

Norges forskningsråd

Bakgrunn

Søtkirsebærdyrkinga i Noreg er ein spesialisert produksjon lokalisert til dei klimatisk beste dyrkingsområda i landet; hovudsakleg nedre Buskerud, Vestfold, Telemark, Hardanger og Sogn. All kommersiell produksjon vert dyrka under plasttak for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Det er stor etterspurnad etter norske søtkirsebær på heimemarknaden og fruktkvaliteten held eksportmål. For at produksjonen skal auka, er det turvande at dyrkingsteknikken er optimal for å få store avlingar med god kvalitet. Dyrkingsopplegget er intensive plantesystem med eit høgt tal med tre pr. arealeining.

Søtkirsebærproduksjonen skil seg ut ved at det vert nytta dei same sortane og dyrkingsteknikken som elles i verda. Men utfordringane er større i Noreg med store mengder med nedbør i vekstsesongen. Fruktene av søtkirsebær sprekk når dei vert utsette for regn. Fruktene er utsette når dei byrjar å verta raude og heilt fram til hausting. I verste fall kan halve avlinga verta øydelagt. Sjølv om fruktene er under tak i den aktuelle perioden og er turre, sprekk dei likevel under ugunstige klimavilkår og ubalansert vass- og næringstilførsel.

 

Fremgangsmåte

Ny teknologi gjev høve til kontinuerleg tilførsel og justering av vasstilførsel, gjødselmengde og samansetning gjennom sesongen ved hjelp av dropevatningssystem i trerekkja. Det meste av dyrkingsopplegget er kunnskapsbasert, men gjødslingspraksis- og vatning er framleis veldig varierande og upresise og lite tilpassa nye sortar og dyrkingsteknikk. Ein aukande del av produksjonen vert no dyrka i plasttunnelar. Dette har gjeve nye utfordringar med å balansera rett bruk av vatning og gjødsel tilføring. Hovudmålsetjinga med dette FoU-prosjektet er å auka verdiskapinga endå meir hjå denne kulturen ved at fruktdyrkarane, rettleiingstenesta og utstyrsleverandørar får ny kunnskap om rett gjødsling og vatning.

 

Mål

Tiltaka er å utvikla og utnytta kunnskapsbaserte og kostnadseffektive produksjonsmetodar.
Top