Smak av fjell og natur. Eit konkurransefortrinn for norsk sauehald? 2001-2003

| Type artikkel:
Warning: Invalid argument supplied for foreach() in /home/kode7351/public_html/htmatslande.kore/wp-content/themes/Kore/templates/entry-meta.php on line 4
Prosjektet som vert gjennomført i samarbeid mellom Norsk Kjøtt, institutt for husdyrfag, NLH og MATFORSK, har som siktemål å kvalitetssikra norsk lammekjøt særleg med omsyn til smak.

Prosjektleder:

Eik, Lars Olav

Institusjon:

Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap (NMBU)

Mål

Prosjektet som vert gjennomført i samarbeid mellom Norsk Kjøtt, institutt for husdyrfag, NLH og MATFORSK, har som siktemål å kvalitetssikra norsk lammekjøt særleg med omsyn til smak.

 

Fremgangsmåte

Første året vil ein samanlikna lam slakta rett frå fjellbeite med lam frå innmarksbeite. Eventuelle smaksavvik på grunn av brunst (vêrsmak) og fôring med korsblomstra vokstrar (raps) vil også bli undersøkt. Dersom problem vert avdekka, vil det bli utarbeida strategiar for å hindra at slik kjøt kjem på marknaden. Første året vil saueflokken ved Baroniet i Rosendal bli inndelt i ei utmarksgruppe, med slakting frå fjellbeite på Hardangervidda, og ei innmarksgruppe, med slakting frå gjødsla kulturbeite / innmark. I tillegg vi ein også ta ut prøvar frå Lofoten og Hallingdalen for å sjå om det kan vera regionale smaksskilnadar. I dei to neste åra vil ein gjennom feltforsøk kartleggja eventuelle smaksavvik på grunn av brunst og fôring med korsblomstra vokstrar. Det sistnemnde vil også bli studert i eit kontrollert forsøk ved Senter for husdyrforsøk, NLH kombinert med samanlikning av norsk kvitsau og norsk kjøtsau.

Prosjektet vil gje ny kunnskap om smaksvariasjonar og eventuelle smaksavvik på norsk lammekjøt.

Top