Verknader av Fusarium-infeksjon på innhald av deoxynivalenol og spireevne i havre, og screening for resistens ved hjelp av VIS-NIR-spektroskopiske metodar

| Type artikkel: Doktorgradsavhandling
Dei siste 10-15 åra har det vore eit aukande åtak av Fusarium-soppar i norsk kornproduksjon. Årsaka til dette meiner ein er omlegging til meir miljøvennleg drift med mindre pløying, varmare og våtare somrar og ein ny soppart (Fusarium graminearum) som er kommen hit til landet. Resultatet er ein auke i soppgifter hos alle kornartane og nedsett spireevne i såkorn av havre.

Forfatter:

Selamawit Tekle Gobena

Publiseringssted:

NMBU

Årstall:

2014

I doktorgradsarbeidet har S. T. Gobena kartlagt korleis infeksjonen skjer og kva for metode som er best å bruka for å måla resistens i ymse havresortar. Det har femna om utprøving av spektroskopiske metodar, for å testa om dei kan gjera same nytten som kjemiske målemetodar.

Resistente sortar er det beste og billigaste tiltaket for å unngå soppgifter. Prosjektet viser at Graminor har avla fram nye havresortar som avgjort er meir resistente enn eldre sortar.

Men bruken av kjemiske analysar i sortsforedlinga for å påvisa innhald av soppgifter er svært dyr. Her har doktoranden utvikla ein billig og effektiv metode basert på spektroskopi til bruk i avlsarbeidet frametter.

Metoden har vist at korna er infiserte i svært ulik grad, noko som ein i framtida trur vil gjera det mogleg med ei fysisk utsortering av sterkt infiserte korn. R

Top