Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Jordbær

| Type artikkel: Faktaark
Kampen mot ugras og skadegjerarar er som oftast den største utfordringa i økologisk bærdyrking. Førebyggjande tiltak som bruk av friskt plantemateriale, korte omløp og å fjerna smittekjelder rundt feltet er særleg viktig. Det kan i tillegg vera rett å gjera mindre endringar i dyrkingsopplegget for å redusera faren for åtak av viktige skadegjerar.
Svakare gjødsling og større planteavstandar gjev opnare plantingar og reduserer faren for soppsjukdomar. Dekking og dyrking i tunnel kan ha både positiv og negativ verknad på ugras og skadegjerarar.
Top